Statuttar for Æresmedlemskap i Askøy Seilforening
- Æresmedlemskap er foreninga si høgaste utmerking
- Utmerkinga skal henga høgt – og kan berre delast ut til medlemer som har vore aktive gjennom mange år.
- Æresmedlemskap vert delt ut til personar som har utført usedvanleg tenestefullt arbeide for foreninga gjennom mange år, har lagt ned ein stor innsats over lang tid – eller i ei spesiell sak som har fått stor betydning for foreninga.
- Styret skal til einkvar tid kunna vurdera kandidatar som kan oppnemnast til æresmedlem på bakgrunn av forslag frå medlemer.
- Det er styret som oppnemner æresmedlemer.
- Markering av oppnemninga bør vera på eit større arrangement eller på årsmøte.
- Æresmedlemer får eit livslangt og gratis medlemskap i foreninga. Dette betyr at dei ikkje skal betala medlemskontigent.
- Den som vert oppnemnd til æresmeldem skal få eit synleg bevis på oppnemninga i form av ein diplom og/eller heidersbevisning.
- Det skal opprettast eit arkiv over æresmedlemer med grunngjevninga for dei ulike tildelingane.
- Æresmedlemer skal inviterast til jubileum og andre store tilstelningar i foreninga si regi.
Æresmedlemskap må ikkje forvekslast med Heidersmerke/Hederspris – eller anna heiderstildeling i foreninga. Heidersmerke kan oppnemnast av styret på fritt grunnlag – basert på ekstraordinær innsats i kortare tidsperiodar.