PRAKTISK INFORMASJON ved KRANOPPTAK

 

 

Me har kranopptak / utsetjing MANDAGAR og TORSDAGAR med oppstart kl.18.00.

 

NOKRE KØYREREGLAR;

- Ver på plass i rett tid.

- Båten skal vera klargjort i god tid før opptak/utsetjing.

- Kvar båteigar må ha med minimum 1 medhjelpar ved opptak/utsetjing.

- Alle hjelper kvarandre med opptak/utsetjing, under leiing av kranførar.

- Vis hensyn ved spyling osv.

- Rydd opp etter deg og ta med deg ALT avfall.

 

 

Våre kranførarar arbeider alle på dugnadsbasis – og alt overskot frå krandrifta går til vedlikehald og drift av anlegget.

Alle medlemer kan forhåndsbestilla tid for kranopptak så lenge dei vil på førehand. Medlemer er dei som er registrerte som medlemer av foreningen ved siste årsmøte. Dei som har teikna medlemskap etter siste årsmøte vert rekna som ikkje-medlemer i denne samanheng, så sant dei ikkje har havneplass på Askøy Seilsportsenter.

Ikkje-medlemer kan ikkje bestilla plass meir enn 14 dagar fram i tid. Om det ikkje er plass dei neste 14 dagane må dei sjølve ta kontakt for ny avtale / bestilling av plass.

Det er kun sertifiserte kranførarar som har lov til å køyra krana.

Om noko er uklart ta kontakt med krankoordinator, eventuelt havnesjef.

Obs. Kran har begrensning på 10 tonn, samt at krybbene våre har begrensing mht dybde på kjøl. Kontakt Krankoordinator.

KRANKOORDINATOR: 

 

Knut Erik Hjorth, tlf. 920 26 870 / e-post 

BESTILLING AV KRANOPPTAK

PRISAR KRANOPPTAK – pr. mars 2017

 

Betaling via betalingsterminal / kortautomat FØR opptak.

Prisane gjeld for “ein periode” på land. Ein periode er definert frå mandag til torsdag eller torsdag til mandag.

 

Inkludert i prisen er fri bruk av høgtrykkspylar, straum og evt. lån av dei krybber som til einkvar tid er tilgjengeleg i foreningen. Spesielle båtar må sjølv ha med si eige krybbe.  

I høgsesongen kan ein ikkje forventa å få stå på land meir enn ein periode, dersom båten skal stå under kranen.

Ved inspeksjonslyft gjeld halv pris av ein periode + kr. 200,- (medlem) / kr. 400,- (ikkje-medlem) pr.time utover fyrste time.

 

Båtens lengde:

 

  0 – 30 ft  ( 9 meter )

31 – 35 ft  ( frå 10,5 meter )

36 – 40 ft  ( frå 12 meter )

over 41 ft

Medlemspris:

 

kr.   600,-

kr.   900,-

kr. 1.200,-

kr. 1.500,-

Pris ikkje-medlem:

 

kr. 2.000,-

kr. 3.000,-

kr. 3.500,-

kr. 4.000,-

bildegalleri – kran