Askøy Seilsportsenter har status som Regionalt idrettsanlegg for seilsport i Hordaland. Det er bygd opp over mange år, hovudsakleg ved hjelp av iherdig dugnadsinnsats. Dei tre bryggjeanlegga har plass til omlag 130 båtar, og i tillegg er det eit jolle-anlegg med rapar for enkel utsetting av joller. På kaien er det ein kran som kan løfte båtar opp til 10 tonn og ein mindre kran for handtering av mindre båtar.

På kaien står det eit innhaldsrikt klubbhus der me har regattakontor, styrekontor, sanitæranlegg, arkivrom/lager, ein stor festsal med tilhøyrande kjøkken, møterom og overnattingsplass for …. personar. Klubbhuset innheld og ein stor og ein mindre båthall – der ein kan ta inn store båtar for reparasjonar og vedlikehald. 

Eit mindre bygg “gamle klubbhuset” er bygd opp av Moeleven-brakker, og inneheld ein møtesal med tilhøyrande kjøkken, lagerrom og sanitæranlegg. I tillegg står det to plasthallar på anlegget, ein rubbhall på ….m2 og ein jollehall på ….m2.

Seilsportsenteret har to parkeringsplassar, ein nede ved kaien og ein eit par hundre meter opp i bakken. Mellom kaien og parkeringsplassen er der og ein utsettingsrampe for båtar på hengar.

På anlegget står og ni naust med lagerplass i første etasje og med opphaldsrom, bad, soveplassar og kjøkken i andre etasje.

- seilsportsenteret – 

Kontakt oss / medlemsservice