Askøy Seilforening vart stifta 3.april 1979 – og er i dag ein forening med rundt 400 medlemer.

 

Foreninga vert driven av medlemer for medlemer – og drifta er 100 % dugnadsbasert. 

 

Me har eit aktivt regattamiljø, både innan Tur & Hav, yngling og joller. Me prøver heile tida å tilby våre medlemer stort breidde, både sportsleg og sosialt – i tillegg til tenester knytta til havn og vedlikehald av båtar. Etter mange år med ein enorm dugnadsinnsats, framstår Askøy Seilsportsenter som eit komplett anlegg – og det har no status som Regionalt Idrettsanlegg for seilsport i Hordaland.

Askøy Seilforening arrangerer ei rekkje regattaer kvart år.

 

Askøy Rundt:

Regattaen med lengst historie er “Askøy Rundt”, der den første seglasen vart gjennomførd om hausten same året som foreninga vart stifta. Både startområde og målområde har variert noko, men tradisjonelt var dette ein todagars regatta med familieprofil, med overnatting i Herdlevågen der det var eit arrangement på kaien laurdagskvelden. Frå 2015, då Seilsportsenteret stod meir eller mindre ferdig, valde ein å endre Askøy Rundt itl ein eindagsregatta – med avslutning på Seilsportsenteret laurdagskvelden. Start er ved Askeneset og løpet går ut Herdlefjorden og inn Hjeltefjorden.

Seilmakeren Doublehanded:

Såkalla shorthanded segling, med ein eller to ombord i havseglarar, har vorte svært populært dei siste åra – og Askøy Seilforening har arrangert “Seilmakeren Doublehanded” sidan 2005. Dei fyrste åra gjekk denne seglasen tur/retur Stavanger, deretter tur/retur Skudeneshavn og så tur/retur Florø. Frå 2016 snur ein igjen nasen mot sør og me seglar tur/retur Haugesund.

Vårbløyta – og no Snøføyka:

Ein annan regatta med lang histore er “Vårbløyta” med baneområde i Hauglandsosen og Hjeltefjorden. Denne regatten for tur og havseglarar plar gå i april. I 2016 bytta Askøy og RAN Seilforening  slik at Askøy arrangerte “Snøføyka” i februar. Dette er ein seglas som RAN tradisjonelt har arrangert, medan no RAN arrangerer “Vårbløyta” i april.

Hjeltefjordtrimmen:

Askøy og RAN har samarbeid og om andre regattaer; kvar tysdag i sommarhalvåret går “Hjeltfjordtrimmen” i Hauglandsosen – vekselsvis arrangert av RAN og Askøy. Dette er ein trimregatta for tur- og havseglarar som går på faste merke. Hjeltefjordtrimmen er eit lågterskel-regattatilbod der ein kan få prøva korleis det er å segla regatta. Tidlegare var Askøy og involvert i “Byfjordtrimmen” som er ein tilsvarande trimregatta om onsdagane i Byfjorden – men frå og med 2015 har Askøy trekt seg ut av denne.

Thorvalden:

Av jolleregattaer er “Thorvalden” den med lengst historie. Denne går i Hauglandsosen om våren og er for ulike jolleklassar. Også andre jolleseglasar vert arrangert i løpet av året.

Askøy Race Weekend:

Ein ny regatta frå 2016 er “Askøy Race Weekend” som er baneseglasar for eintypebåtar, ynglingar, Melgesar og Expressar. Også desse klassane arrangerer trimregattaer i sommarhalvåret saman med RAN. 

Andre arrangement:

Askøy Seilsportsenter eignar seg godt til strørre regattarrangement – og har allreie vore bruka til å arrangera ope Verdsmeisterskap i Yngling. Dessutan har me i samarbeid med sjøforsvaret arrangert både nordisk meisterskap i Yngling fleire gonger og sist verdsmeisterskap i Yngling. Me har og arrangert Norgescup for joller & yngling.

 

Kontakt medlemsservice her

Regatta

- Askøy Seilforening –