Velkommen som ny jolleseglar i Askøy Seilforening.

 

Askøy Seilforening har ambisjonar om å etablera ei stor og aktiv jollegruppe – og likeeins som Norges Seilforbund satsar me på Optimist som rekrutteringsjolle.

Optimist er jolla for seglarar frå 8 til 15 år. Me ynskjer at alle nybegynnarar under 13 år startar i denne klassen. Dei som er eldre, eller som ikkje kjenner seg komfortable i den vesle optimisten, kan velga RS Feva eller laser. Men pr.idag har me ikkje kapasitet for rekruttering i desse klassane.

Optimisten er delt opp i A, B, C og nybegynnarar. 1. sesongen er alle nybegynnar, og dei som ynskjer å fortsetja vil få innføring inn mot regattasegling som Optimistseglar. Askøy Seilforening har pr i dag A, B, og C – og me har eit godt treningstilbod til alle der me ivaretek utvikling, trivsel og sikkerheit.

Våre trenarar for 2017 sesongen er Stian Soltvedt, Nils Olav Handegaard og Steffen Bertelsen. For treningstider, aktivitetsplan, kontaktpersonar osv  –  sjå under “jolletrening”.

 

NYBEGYNNARKURS

 

Pr.dags dato er det ikkje sett opp noko nybegynnarkurs no på vårparten, men det er planlagt kurs i august.

Sjå meir informasjon under “aktuelt”.

 

 

SEGLING FOR BORN & UNGE, – OG FORELDRA SIN MEDVERKNAD:

 

Segling for born krev ein del medverknad frå foreldra si side.

I tillegg til å frakta dei unge håpefulle til og frå trening, så bidreg foreldra til bemanning av sikringsbåtar, hjelper til med utsetting av joller, avvikling av regatta og andre sosiale arrangement.

Bilder fra trening & regatta

OPTIMISTSEGLING I ASKØY SEILFORENING 

 

Treningsreglar;

 

  1. Møt ferdig påkledd med flytevest m/fløyte – og ver ferdig rigga og klar til kl.18:00.
  2. Sikkerhetspunkta på båten skal vera sjekka før sjøsetting.
  3. Alle seglarar skal ha ein føresett på land eller i fylgjebåt.
  4. Foreldre/føresette skal og ha på flytevest på sjøen, og gjerne på kaia.
  5. Foreldre/føresette spør trenarane om å hjelpa til. Nokre gonger sender foreldrekontakt ut e-post med arbeidsfordeling på førehand.
  6. Ha med skriftetøy, handklede og seglklede etter forholda.

 

 

PRISAR pr. 2017:

 

  • Nybegynnarkurs – helg                               kr. 700,- pr.person (kr.500,- for søsken)
  • Treningsavgift                                               kr. 750,- pr.sesong
  • Leige av Optimistjolle                                  kr. 1.000,- pr.sesong (kun mulig 1.sesong)
  • Leige av båtplass i telt for privat jolle         kr. 250,- pr.sesong
  • Medlemskap i Askøy Seilforening               kr.  600,- pr.år for juniormedlemskap 

                                                                        kr. 2.000,- for familiemedlemskap

 

 

“Segling er moro”