Askøy Seilforening

- stifta 3. april 1979 - 

 

Dei fyrste åra hadde foreninga ikkje nokon fast tilhaldsstad, inntil det vart inngått ein avtale med Hilmar Reksten om å få låna/leiga Hanøytangen kai (den gamle butikken). Sjølv om dette var ein fin ordning – måtte foreninga sjå framover, og då brua til verftet på Hanøytangen vart bygd måtte me finna ein ny stad å halda til. 

Etter meir enn 10 års planlegging- og reguleringsarbeide vart spaden sett i jorda våren 1997 på anlegget i Kaggevikane – i noko som sikkert er seilforening-Noregs største dugnad! 

Fyrst vart det støypt ei skikkeleg kai på området, deretter kom dei 9 nausta. Sidan er det andre kome pø om pø i snart 20 år – og anlegget framstår no med 3 store brygger med 130 havneplassar, 2 kranar, jolleslipp, rubbhallar, eit førebels klubbhus og med vårt moderne klubbhus som kruna på verket. 

Askøy Seilsportsenter har i status som Regionalt idrettsanlegg for seglsport i Hordaland.

 

Historie

Askøy Seilforening & Askøy Seilsportsenter