Well done sailors og arrangementskomite!

Takk for oss – og velkomen tilbake til neste år! Ja slik vart den korte oppsummeringa av Norgeshus Seilmakeren Doublehanded 2016 sundag for ei halvannan veke sidan frå ein litt trøytt komite si side. 

 

Årets doublehanded-regatta var den 12 i rekka, i år med 42 båtar og 84 seglarar på startlinja. Nytt i år var eit heilt nytt løp sørover med Haugesund som pit-stop havn – og ergo nye samarbeidspartnarar i Haugesund Seilforening. Tilbakemeldingane frå seglarane var stort sett positive og til å vera fyrste gong med ei slikt arrangement for dei så gjekk dette svært så bra. Tusen takk for flott gjennomført pit-stop jobb! 

Vår samarbeidspartnar SEILmagasinet ved Morten Jensen hadde og fått ordna med filming av innkomst til Haugesund med drone. Dette var det Erik Aanderaa som stod for – og for ein flott film, tusen takk for det bidraget! Det kan ikkje verta mykje flottare enn dette: “Segl i solnedgang” 

 

Morten Jensen i SEILmagasinet var og den som under heile regattaen stod for direkte nyhenda på regattasida gjennom heile arrangementet, med bidrag frå Giske Berland i arr.komiteen. Dette var eit samarbeid som fungerte svært så bra og på denne måten skapa me stor aktivitet og merksemd rundt regattaen – og alle heime kunne fylgja med seglarane i regattaen. I tillegg bidrog og seglarane sjølve med flotte Instagram-bilder som vart publisert på regattasida vår under #seilmakeren16.

På regattaen si eige facebookside og på foreningen si side vart det og publisert aktuelle bilder og ting om kva som skjedde undervegs. Dette kombinert med link til regattasida i sailracesystemet gjorde at me fekk ei brei og god dekning av regattaen – og mange som fylgjde oss via internett.

Her er ein liten filmsnutt frå starten som vart publisert under direkte nyhende fredagen: 

 

regattasida til Norgeshus Seilmakeren Doublehanded kan du sjå tilbake på regatten både med tekst, bilder, resultat og ikkje minst trackinga av båtane. Nettopp trackinga er ein svært viktig del av ein slik regatta som dette – då du på denne måten gjer regattaen “publikumsvenleg” med at ein kan fylgja båtane og får opp korleis dei ligg an kontra konkurrentane osv. Via appen TracTrack på telefon og nettbrett kunne og selgarane sjølve fylgja med undervegs. 

Tracking er altså eit must for å få ein levande og interessant regatta, samstundes som eit slikt system kostar ein god del pengar og er største utgiftsposten i budsjettet vårt. For å kunna utvikla ein regatta som dette vidare var me så heldige å få inn ein ny hovudsponsor for regattaen, Norgeshus, – så då vart det ei lite navneendring i år til Norgeshus Seilmakeren Doublehanded.

 

Seilmaker Iversen er ein trufast sponsor for vår doublehanded-regatta, og i år som i fjor var det dei som stod for alle premiane – både glasspremiane til klassevinnarane osv og dei flotte trekkepremiane. Tusen takk!

 

Som ein forstår så er det mykje arbeid i lang tid før, under og litt etter for å arrangera ein regatta av dette slaget – og det er lagt ned ein kjempeinnsats av mange personar både i arrangementskomiteen og andre frivillig i foreningen.

Tusen takk til alle saman! 

Etter kvart så vil det og verta lagt ut mange flotte bilete frå regattaen vår på facebooksida til Norgeshus Seilmakeren Doublehanded, så fylg med der framover ( fylg linken, du treng ikkje ha profil på facebook for å sjå denne sida og bileta). Bileta er tatt av Trond J.Hansen (i ribb på sjøen før, under og etter start) og Giske Berland (frå startbåt og på seilsportsenteret). 

Her er nokre:

 

 

Arrangementskomiteen i årets Norgeshus Seilmakeren Doublehanded:

Helge Ivarsøy (arr.ansvarleg) – Torbjørn Halvorsen (regattasjef) – Giske Berland – Rikke H.Thorsen – Chris Skogen – Frank Nyheim – Ingvar Thorsen – Bjørn Hanto