Vellukka seglkurs for vaksne!

Laurdagens nybyrjarkurs for vaksne samla 17 deltakarar, og skal ein døma etter smila og god-orda på kaien då kurset var slutt, så var dette eit svært vellukka opplegg.

 

Det byrja med teori på klubbhuset, der kursleiar Harald Gjøsæter gjekk gjennom alt frå kva ting om bord heiter, til tryggleik og segltrim. Etter ein styrkande lapskaus la så kurset frå land i fire havseglarar og to Ynglingar. I høveleg vind og tilløp til sol fekk deltakarane prøvd seg i dei ulike oppgåvene om bord. Seks røynde seglarar frå ASF stilte som instruktørar og sytte for at kursdeltakarane fekk ein liten smakebit av kva segling er.

Vonleg ser vi ein del av kursdeltakarane att i tida som kjem. I alle fall var det hovudmålet med kurset, at det skulle fremje lysta til å segle meir. Vurdert ut frå kva ein av kursdeltakarane skreiv i evalueringa etter kurset kan det sjå ut som om dette har lukkast:

"Takk for en svært interessant og lærerik dag på kurs. Har utelukkende ros og komme med i forhold til opplegget. Synes jeg fikk et annet perspektiv på seiling i løpet av dagen -  som mye mindre vanskelig og som noe alle kan mestre. Likte spesielt godt at vi fikk prøvd oss på både spinnaker, platt lens (?) og ellers hovedtypene av seiling. 

Kurset har fått meg til å ville seile mer, og ser fram til flere bra opplevelser på sjøen”

Nybyrjarkurs for vaksne vil me heilt sikkert prøva å gjennomføra fleire gonger om interessa er der. Ta i såfall kontakt med Harald Gjøsæter i styret.