Vel blåst Askøy Rundt med heimesiger i alle klassane!

Lite vind og flytting av start, men ein flott og solrik regatta for deltakarane av den 38.utgåva av Askøy Rundt! Ein fornøyd regattasjef kan konstatera at me kom vel i havn denne gong og, sjølv om vinden ikkje vart slik som me håpa på før start.

 

Med 59 båtar på startlista så enda me på eit nivå der regattaen har vore dei siste åra, og me må vel sei oss nøgde med det. Ekstra kjekt er det å sjå at mange av båtane hadde mannskap som bestod av barn, barnebarn, vennepar og så bort etter, slik at me får ei flott sosial ramme rundt denne regattaen slik som me har hatt som mål. 

Omlegginga me gjorde i fjor med å gå frå 2 dagars regatta til 1 dag og med avslutning på seilsportsenterer er og komen for å bli. Grilling, premieutdeling, seglprat og ein kjekk kveld med andre seglvener er ei flott avslutning på ein regattadag. For dei som ynskte det var det og felles frukost om sundagen. Ein stor takk til Andre Farstad og hans mannskap som har tatt ansvaret for dette!

Og for å gjera regattadagen komplett for Askøy Seilforening, så slo våre seglarar til med siger i alle klassane!  

  • Shortanded; CHATRICK med Karl Petter Haugen og Terje Sture
  • 0,985 og høgare: HIMLALEITE med skipper Thorbjørn Halvorsen
  • 0,921 t.o.m 0,984: NIKITA med skipper Øyvind Skogen
  • 0,920 og lågare: SHIRAZ med skipper Gordon Wright
  • U/spinnaker: LISA V med skipper Margrethe Vika

Resultata og meir om regattaen finn du på regattasida HER

Meir bilder frå regattaen finn du i album på facebooksida til foreningen HER (du treng ikkje vera registrert på facebook for å sjå desse)