Team J&J segla inn til ny siger!

I helga gjekk Akt 4 av Javacup 2017 av stabelen i samband med Scandic Haugesund Race Weekend.

Team J&J segla altså inn til ein ny klar siger etter at dei vart ståande med kun fyrsteplassar etter å ha stroke ein andreplass. 

Med sterk vind hadde Partygirl/Team J&J over 18 knop på lens under fredagens baneseglas. Laurdag var det noko mindre vind og tettare seglasar. Oppsummering for laget er at dei er godt nøgde med resultata i ein solid regatta der laget denne gong bestod av: Henrik Rye Jakobsen, Mikkel Storm Berger, Carl Christian Stenrud og skipper Jens Altern Wathne, Askøy Seilforening.

Frå ASF deltok dessutan Java Joy med skipper Sandra McCarley - og dei fekk til slutt ein 8.plass.

Det var 9 båter med i Melges24-klassen i regattaen som gjekk fredag og lørdag.

Resultat frå Haugesund Race Weekend finn du på regattasida her.