Snøføyka vart ei regnføyke

Askøy Seilforening arrangerte «Snøføyka» 18 februar. Nedbør kom det rikeleg av, men sidan temperaturen var nokre få grader over 0, så kom han som regn, ikkje snø. Vind var det nok av til alle. 

 

Berre 8 båtar var påmelde regattaen, og to kom ikkje til starten. Men dei som kom, fekk seg ein frisk seglas med ein lang kryss frå Ramsøy til sør av Færøy, deretter ein lang lens nord til Karlsøyflu, og ein kort kryss til mål ved Ramsøy. Vinden kom frå sør, og varierte i styrke frå 9 til 12 m/sek.

Sheep Dip frå Bergens Seilforening vann største klassen, FS2 frå Nordhordland den midtarste klassen, og Caroline frå Bergen Seilforening vann minste klassen.

Resultat og bilete frå regattaen finn du HER.

Eivind Skog var regattasjef, og Per Homedal og Harald Gjøsæter var med i «Båtenvår» som fungerte som start- og bøyebåt.

Etter målgang var det varm lapskaus å få kjøpt på Seglsportsenteret, og så var det premieutdeling.