Seilsportliga 2017: 2.plass og opprykk til 1.divisjon!

Målsetjinga vart nådd og vårt flotte lag hanka inn ein flott 2.plass totalt og dermed opprykk til 1.divisjon i forrige helgs avslutning i seilsportligaen i Moss!  

 

Vårt lag har i denne sesongen bestått av: Stian Soltvedt, Karl Emil Haugen, Chris Skogen, Torstein Hellebust, Jon Lystrup og Karl Petter Haugen (lagleiar).

Laget har segla jamnt godt gjennom heile sesongen og klarte seg difor bra sjølv om det ikkje vart heilt stong inn i siste runde, der det vart ein 6.plass. Det har vore tett frå topp til midten i 2.divisjon i år og det har tydelegvis vore bra for laget å vera utfordrar. No no vert det spennande å sjå kva ein kan klara neste år i ein endå tøffare 1.divisjon.

ASF er stolt over “gutta våre” og gratulerer endå ei gong med supert resultat!

Meir om siste runde i ligaen kan de lesa på facebooksida vår der det kom inn små rapportar gjennom finalehelga.

foto © Norsk seilsportliga / Trond Teigen