Velkomen til Norgeshus Seilmakeren Doublehanded 2018!

Me kan no ynskja VELKOMEN til ein tradisjonsrik, men likevel heilt “ny” Norgeshus Seilmakeren Doublehanded regatta! Starten går fredag 25.mai kl. 11:00 i Hauglandsosen.

 

I år vert det ein ny vri på ein gamal regatta; årets regatta vert nemleg utan pitstop! Regattaen går framleis i kjende farvatn for dei fleste vestlendingar, med start i Hauglandsosen utanfor Askøy Seilsportsentert. Seglasen går i eit løp sørover ned til Ramsholmane nordaust på Sletta, der har me runding av desse holmane – og så går løpet attende nordover til Lerøyosen, der me har målgang slik som i fjor.

Dette gjer løpet ca 20 mil kortare enn det var då det gjekk til Haugesund, men samstundes blir det ei ekstra utfordring for seglarane å måtta segla så pass langt utan at begge får kvila samstundes i ein pitstop. Me håpar og trur at det er mange erfarne og gode seglarar som tar utfordringa og ynskjer å visa seg fram! Endå kjekkare vert det når me får med seglarar frå aust- og sørlandet i denne flotte seglasen - og sjølvsagt dei frå nord-vestlandet. 

Påmelding, kunngjering og meir informasjon om regattaen finn du på regattasida her.

Fylg oss også på vår eige facebookside her. 

 

NSDH-komiteen ynskjer med dette VELKOMEN til den 14. utgåva av vår tradisjonsrike doublehanded-regatta!