Nybyrjarkurs i segling for vaksne

Askøy Seilforening inviterer til Nybyrjarkurs i segling for vaksne som har lyst å læra å segla, laurdag 30.april 2016, på vårt seglsportsenter.

 

Kurset er for:

  • - dei som lurar på om dei skal kjøpa seg seglbåt, men som ynskjer å vita litt meir om segling fyrst.
  • - dei som nyleg har kjøpt seg seglbåt og som treng litt hjelp i starten.
  • - dei som har hatt båt ei stund og har segla på tur, men som ynskjer meir kunnskap.
  • - dei som ikkje har båt sjølv, men som ynskjer å vera mannskap hjå andre.
  • - dei som berre har lyst til å få ei lita innføring i kva segling er og å få prøvd det i praksis.

Uansettt så er målet med kurset at deltakarane skal kjenne seg trygge på tur i eigen båt eller som mannskap hjå andre – og å kunna litt meir om båt, segl og vind.

Det vert fyrst litt teori i klubbhuset på seglsportsenteret – og deretter ein tur på fjorden. Om nokon av dei som melder seg til kurset har båt sjølv, får dei tilbod om å få med seg ein røynd seglar ut. Dei som ikkje har båt sjølv kan få vera med erfarne seglarar med båt i Askøy Seilforening.

Det vert servert lunsj (inkludert i pris) før me drar ut på sjøen. Hugs varme klede, vasstett og vindtett – og sjølvsagt redningsvest.

Kurset startar kl.09.00 og varar til ca kl.16.00.

Kursstad: det nye klubbhuset på Askøy Seilsportsenter

 

Pris: kr. 400 for medlemer og kr. 600 for andre. Familierabatt. Betaling på kortterminal ved frammøte.

 

Påmelding til Harald Gjøsæter på e-post – innan måndag 25.april.  

 

Skriv om du har eigen båt som du ynskjer å delta med, og gjerne litt om kva erfaring du har får før og kva du ynskjer å få ut av kurset.

Me treng og nokre erfarne seglarar med eller utan båt til den praktiske delen av kurset. Betaling i dugnadstimar. Har du lyst og anledning til å hjelpa til? Ta då kontakt med Harald Gjøsæter.