Mindre plastbos i sjøen takk!

Me ynskjer å bidra, så i årets Norgeshus Seilmakeren Doublehanded-regatta som startar fredag vert det kun sponsorflagg i akterstaget. Me droppar dermed dei tradisjonelle klistremerka på baugen.

Klistremerke på skroget dett av og havnar i sjøen, dette ynskjer ikkje ASF å bidra til. Difor har me no i samarbeid med Norgeshus kome fram til at me kun skal ha sponsorflagg i akterstaget på båtane under regattaen.

Dette vert ein del av vårt bidrag til "Hold havet rent"-kampanja, #holdhavetrent, til Norges Seilforbund. ASF har i mange år på vårparten rydda strendene i Kollevågen friluftsområde - dette som ein del av leigeavtalen med Bergen og omland friluftsråd. 

Les meir om dette på ASF si facebookside, NSDH si facebookside og artikkel i SEILmagasinet.

Elles så er det i skrivande stund 30 båtar påmeldt til #seilmakeren17 – og det sig på med påmeldingar. Me har plass til mange mange fleire på sjøen, og du har enno eit døgn att på å ordna deg “fri” frå heimen.

Fristen går ut 17.mai kl.23.59 – og påmeldinga gjer du her på regattasida!