Askøy Rundt - laurdag 19.august

Kryss av i kalenderen – og bli med på den 39. utgåva av Askøy Rundt laurdag 19.august! 

 

Det nærmar seg sommar, sjølv om ikkje akkurat veret spelar heilt på lag med oss. Men tida går fort, og vips så er sommarferien over og det er klart for vår tradisjonsrike regatta Askøy Rundt!

Kunngjeringa er på plass og påmeldinga er no opna på regattasida.

Meld deg på alt no, så kanskje klarar me å samla endå fleire til Vestlandets største regatta i år?

foto © Trond J.Hansen

foto © Trond J.Hansen