Klubbkveld onsdag 2.november kl.18.00-20.00

Baneseiling eller ARC? Askøy Seilforening inviterer til KLUBBKVELD på seilsportsenteret, onsdag 2.november frå klokka 18.00 til omlag 20.00. 

 

Jens A.Wathne kjem og snakkar om Melges-segling med bl.a. bakgrunn, om Melgesklubben, satsinga til Team J&J, seglcup, nasjonal og internasjonal segling.

Dessutan har me fått med oss Anne Salbu som skal halda eit foredrag med utgangspunkt i SY Lea sin Karibientur. Det vil innehalda bl.a. ARC for turseglarar som knapt har segla regatta før, draumen om langtur, presentasjon av mannskapet, vegen mot Las Palmas, korleis førebu seg for Atlanterhavet, ARC-erfaringar, livet ombord, vinter i Karibia på eigen kjøl og “the long way home”.

Heilt til slutt ein kort sekvens om nyhende / praktisk informasjon frå styret.

Velkomen til ein sosial kveld med interessant innhald i seilforeninga!

 

mvh Frank, for styret 

Her ein liten video frå SY Lea – sjå og nyt :-)