Hjeltefjordtrimmen er godt i gang!

Hjeltefjordtrimmen har starta opp for sesongen og to tysdagsseglasar er allereie avvikla. Det har vore i underkant av 20 båtar med kvar gong. Dette betyr at det framleis er plass til mange fleire båtar på Hauglandsosen!

Første tysdagen var det ikkje mange Askøybåtar med, men det kom seg noko denne veka. Men vi kan vel ikkje lata oss slå talmessig av RAN? Det ligg over hundre båtar i hamna vår, og kvifor ikkje ta ein god slump av dei ut kvar tysdagskveld? Ikkje berre er det plass til fleire båtar på fjorden, det er også plass til fleire personar i fleire av båtane som deltek.

Om du kjenner nokon av dei som vanlegvis deltek (du finn resultatlista her) – så ta kontakt og høyr om dei treng meir mannskap. Eller ta sjansen på å møte opp på kaien i 17:30-tida og sjå om du får "haik" med nokon.

Dette er ein trimregatta og eit lågtersketilbod, og ein treng ikkje vera verdsmeister verken for å ta ut eigen båt eller segla med andre. Kven tek utfordringa neste tysdag?

Meir om regattaen finn du her.