Bli med på haustfest laurdag 28.oktober!

Me inviterer våre medlemer og mannskap til HAUSTFEST & skalldyrfest på seglsportsenteret, laurdag 28.oktober kl.19.00.

 

Me slår i år til med haustfest som ein slags “sesongavslutning”! Det er pr.dags dato godt og vel 60 påmelde – og arr.ansvarleg har bestemt at me skal halda til i storsalen i nybygget. 

På menyen denne kvelden står skalldyr i ulike variantar med tilbehør; krabbe, blåskjell (suppe), fiskesuppe og reker. Kanskje får nokre av våre dykkarar litt fangst frå havets botn i dagane før festen? I såfall kjem dette på bordet også. Dei som ikkje kan ete av havets frukter må spesifisera dette ved påmelding, så vert det ordna noko anna til dei. I baren vil ein få kjøpt brus, øl & vin.

Pris kr. 150,- pr.person. Betaling ved påmelding til kontonr. 6515.06.06599 eller VIPPS nummer 118866 – merka med “haustfest og navn”.

Captain Blue & The Happy Few spelar kjende låtar "live" med høg allsangfaktor og god stemning! Duoen består av Bjørn Tore Bystrøm og Karl Petter Haugen.

Påmelding til Ove på e-post – seinast laurdag 21.oktober. Me må ha såpass påmeldingsfrist grunna bestilling av råvarer.

I år prøver me noko nytt og satsar på haustfest i staden for den tradisjonelle årsfesten som har vore på nyåret. 

Så få med deg folkene i nabobåten, seglmannskapet ditt (gjer ingenting om dei er medlem i anna forening) eller andre kjekke seglarvener og bli med på ein god sesongavslutning i godt lag!! VELKOMEN! 

Helsing arr.komiteen