Har du lyst til å bli YNGLINGFADDER?

Askøy Seilforening disponerer fleire ynglingbåtar som vert lånt ut til medlemer gjennom fadderordninga. Me har no ledige fadderbåtar og søkjer difor fleire til vera fadder!

 

Yngling er ein ypparleg båt for å læra om regattasegling og seglingsteknikk slik som spinnakerhandtering, segltrim og taktikk. ASF har eit aktivt ynglingmiljø som har treningsregatta kvar torsdag gjennom sesongen.

Fadderordninga: Fadderen skal sjå etter båten og vedlikehalda den. ASF held materiale (segl, rigging, tauverk osv.)

Om dette er interessant så tek du kontakt med klassekapteinen for yngling, Sandy McCarley, på telefon 480 42 456 eller e-post.

Meir informasjon om yngling finn du her: Norsk Ynglingklubb eller Ynglingseiling.