Ga ikkje glipp av haustens vakraste eventyr - Askøy Rundt!

Etter veker med nok av regn, så er endeleg sola tilbake! Hurra! Vermeldinga ser bra (og stabil?) ut med sol og spinnakerføre – og tidsfristen for å melda seg på til årets Askøy Rundt nærmar seg. 

 

Det er plass til MANGE fleire båtar på fjorden – og folk på kaien til grilling, premieutdeling og sosial moro på seglsportsenteret etterpå. Meld deg på HER i dag! 

MANNSKAP?

Saknar du båt men ønskjer å vera med som mannskap, så kanskje nokon har plass til deg?

Og har du båt men saknar nok mannskap så kanskje det er håp likevel?

Ta då kontakt med Harald Gjøsæter på e-post her, eller på telefon 41479177, så prøver han å matcha dei som har plass og dei som gjerne vil ha plass.

 

SUNDAGSFRUKOST

I år som i fjor lagar André fellesfrukost til dei deltakarne og gjestane som ynskjer det. 

Det vert servert frukost i gamle-klubbhus sundag frå kl.09.00 til kl.10.00. Pris pr.person kr. 30,- / kontant betaling eller via bankterminal.
Me ber om at dei seglarane og eventuelt andre som ynskjer å vera med på frukost, sender ein SMS til André Farstad på telefon 906 43 569 - og oppgjev antal personar som kjem til frukost.

 

Me gjentek siste års suksess med å ha instagramkonkurranse under regattaen – så bli med å skap litt ekstra engasjement!

Last opp bilder frå regattaen/arrangementet på Instagram, og merk det med emneknaggen #askøyrundt2016 
Den som tar det sprekaste / tøffaste / artigaste bildet denne dagen vinn ein flott premie! Konkurransen vert avslutta rett før premieutdelinga laurdag kveld.  

P.S. Juryen likar bilder som er litt "annarleis" og som viser seglglede for alle!

Diverre så har Instagram avslutta tjenesta med å ha bildevisning på regattasida – men dette hindrar oss absolutt ikkje med å ha konkurranse.

Kai og båthall på seglsportsenteret er rydda og klart - og me gler oss stort til å treffa seglvener etter ein heller våt sommar her i Bergensområdet. 

Askøy Seilforening og Askøy Rundt komiteen velkomen til ei kjekk & sosial regatta/regattahelg!