Flott innsats og heimesiger i årets Norgeshus Seilmakeren Doublehanded!

Forrige helg gjekk årets Norgeshus Seilmakeren Doublehanded av stabelen. Våre eigne gjorde det svært så bra og me gratulerer Petter Sørhaug og Stian Soltvedt i “Zefyr-3” som til slutt drog heim sigeren i den største klassen. 

 

Etter ein litt beskjeden etappe til pitstop i Haugesund, så fekk dei god fart på båten på returen og segla seg inn til siger. Bilete under er frå like etter start fredagen, og er tatt av Trond J.Hansen.

Elles så vart Bernt Svendsen og Gordon Wright i “Scirocco III” nr 9 i den største klassen

Eivind og Erling Tobias Wiik i “High5five” segla til slutt inn til ein flott 5.plass i den mellomste klassen, etter å ha leiia ved pitstop i Haugesund. Det vanka premie for 5.plassen + dei fekk eit nytt napp i vandrepokalen for beste båt med familie/far-son frå ASF der junior må vera under 20 år. Me gratulerer!

I den minste klassen var tolmodet størst, etter å ha lege i vindstille over mange timar like før mållinja. Anne-Gurine og Harald Gjøsæter i “Båtenvår” var av desse og fullførte med ein flott 4.plass.

Årets regatta samla 42 båtar og seglarane kom frå Kristiansund i nord til Oppegård i aust. I ein slik doublehanded-regatta er det alltid nokon som ikkje fullfører, av ulike grunner, så også denne gongen. Frå ASF så var det fleire som gjorde ein heiderleg innsats utan å koma heilt i mål – og desse var Frode T.Haugland og Tor Lohne i “Calluna”  og Åse og Finn Espeseth i “Gleden”, I tillegg hadde me seglarar som var mannskap i båtar utanfor ASF, og det var: Knut Erik Hjorth og Stein Håvard Bergstad.

Meir om regattaen finn du på regattasida, og på facebooksida – og fullstendig resultatliste finn du her.