Flott innsats av ASF-laget i Seilsportligaen i helga!

Me gratulerer med ein flott 3.plass i 1.runde i 2.divisjon Norsk Seilsportliga! ASF-laget som var i Oslo å segla består av: Karl Emil Haugen, Stian Soltvedt, Jon Lystrup og Karl Petter Haugen. Slik oppsummerte dei helga undervegs: 

Dag 1: Laget vårt i seilsportligaen har fekk ein god start med ein 3. og ein 2.plass i dei fyrste seglasane. I den 3.starten segla dei seg opp til ein 1.plass! Dei avslutta laurdagen med ein litt sur 4.plass etter å ha bomma litt på straumen inne ved Operahuset. Det hadde vore litt ujamne forhold, men laget hadde god høgde og fart – konklusjonen var at dei har litt å gå på når det gjeld strategiske val. Den siste 4.plassen gjorde at dei vart liggande midt på tabellen etter fyrste dag, men det var tett og kun 3 poeng opp til leiinga. 

Nivået er høgt, sjølv i 2.divisjon og ingenting kjem gratis. Fullt fokus til dag 2, med håp om litt meir stabile vindforhold.

Dag 2: 
Blide seglarar kom seg greit i gang denne sundagen, sjølv med ein litt trå avslutning laurdag. 1.start i dag gjekk ASF i leiinga med stort forsprang på alle andre, men diverre valde arrangøren å annulera seglasen trass i god ving og langt betre forhold enn dagen før. På den 2.starten vart det likevel ein 1.plass, medan 3 konkurrentar fekk DNF på grunn av maksimaltid. Laget er no i flytsona! 
 
Med god seiling andre dag, segla ASF seg opp til ein flott 3.plass bak Risør og Hurum. Laget leverer god segling og no gledar dei seg stort til Sandefjord og 2.runde om 4 veker.