Bli med på Norgeshus Seilmakeren Doublehanded 2017

Fredag 19.mai kan me ynskja velkomen til den 13.utgåva av vår tradisjonsrike doublehanded-regatta, Norgeshus Seilmakeren Doublehanded 2017!


Etter gode tilbakemeldingar frå fjorårets regatta, så held me framleis kursen sørover med snupunkt og pitstop i Haugesund. Regattaen vil ha same løp og målgang som i fjor. 

Regattaen går i kjende farvatn for dei fleste vestlendingar - og me håpar og trur at det er mange erfarne og gode seglarar som her vil visa seg fram. Endå kjekkare vert det når me får seglarar frå aust- og sørlandet med i denne flotte seglasen - og dei frå nord-vestlandet. 

Påmelding og meir informasjon finn du på regattasida HER