Bli med på årets Askøy Rundt!

Laurdag 20.august har Askøy Seilforening gleda av å invitera til Askøy Rundt for 38 gong! Så kryss av datoen i kalenderen din allereie no.

 

I fjor framsto den tradisjonsrike regattaen i ei ny modernisert utgåve som 1-dags regatta, noko som me fekk veldig gode tilbakemeldingar på og som me vidarefører i år – altså regatta Askøy (nesten) Rundt med start aust av Askøy ved Askeneset. Ein seglar så nordover Herdlafjorden og så sørover Hjeltefjorden med målgang vest for Ramsøy. 

Etter målgang vert det premieutdeling og seglarfest på Askøy Seilsportssenter. Grillane vert fyrt opp når dei fyrste båtane byrjar å koma inn til seilsportsenteret.

Program og meir informasjon kjem etter kvart under "for deltagerne" på regattasida etter kvart + på vår facebookside


For dei deltakarane som treng havneplass frå fredag til sundag, tilbyr me gratis havneplass desse dagane på Seilsportsenteret. 

Påmeldinga er no opna og kunngjeringa er på plass – sjå regattasida HER 

Du kan og finna den ved å gå på “regatta” i menyen her på sida og så klikka på “askøy rundt”, då kjem du direkte til regattasida.

Årets regattakomite for Askøy Rundt ynskjer alle små og store seglarar hjarteleg velkomen!