ASF-vimpel!

Me har no fått inn eit nytt parti av ASF-vimplar for sal til våre medlemer. Leiar Alice Syslak organiserer salet av desse.

Førebels vert det sal av ASF-vimplar ute på seglsportsenteret torsdag 11.august og torsdag 18.august frå kl. 19.00 til 20.00. 

Vimplane kostar kr. 275,- pr.stk, og det er betaling via bankterminal ved utlevering.

Du kan og bestilla vimpel (etter avtale) pr. e-post til Alice

Det vil og vera råd å kjøpa vimpel under Askøy Rundt arrangementet, men send gjerne ein melding til Alice på førehand.