Årsmøte i Askøy Seilforening for 2015

På årsmøte torsdag 3.mars vart det oppnemt to nye æresmedlemer i foreninga – dette var Terje Soltvedt og Kjell Heimstad. Æresmedlemskapet fekk dei etter særs god innsats med arbeid for foreninga over lang tid. 

 

 

Årsmøte for 2015 var avhaldt torsdag kveld, der årsmeldinga, rekneskap, budsjett og innkomne saker vart behandla. Nokre justeringar/tillegg til årsmeldinga vart det – og det vil verta lagt ut saman med protokoll når den er klar.

Det vart og valt nytt styre for foreninga, og litt utskiftingar vart det. Vår nye leiar er no Alice Syslak, og resten av gjengen ho no har med seg finn du på sida under styret her.