2.mai er det oppstart for HJELTEFJORDTRIMMEN!

Tirsdag 2.mai er det “sesongstart” for Hjeltefjordtrimmen, ein trimseglas der ein ynskjer “alle” med på fjorden.

 

Hjeltefjordtrimmen er ein tur & hav regatta som fylgjer kjent opplegg med segling om tysdagane i Hjeltefjorden. Regattaen vert arrangert av Askøy og Ran i fellesskap, med ansvar for gjennomføring annankvar tysdag kvar.

Nytt av året er at det vert ein tredje start der fleirskrogsbåtar og Melges startar. For seglarar som seglar i begge typar båtar, håpar me at dei framleis prioriterer T&H når det gjeld denne seglasen. Men då me har erfart at ein og annan Melges stiller opp om tysdagane, så har me valt å gje dei ein eigen klasse.

Det er og kome eit nytt og kortare Vestavindsløp for bruk på dagar med lite vind, for å prøva å unngå å senda seglarane inn i vindstille ved Gullskjær.

Meir informasjon finn du på regattasida til Hjeltefjordtrimmen her.

Velkomen til seglas i Hjeltefjorden!

 

Frank Nyheim, ASF sin kontaktperson for Hjeltfjordtrimmen